Trykking av teikninga av Profeten Mohammed i det kristne norske magasinet «Magazinet», har ført til svært store reaksjonar mellom muslimar over heile verda. Særleg er uroa og konsekvensane store i Midt Austen, men situasjonen er rolig i Egypt.

Adventura elevane er for tida på Sinai og alle har det svært bra. Sjøl veit dei lite om, og merkar ingen ting av det som pregar norske medier om konfliktene. Skulen følger tett med i utvikling av situasjonen og det er ingen ting som tyder på at den ukontrollerte uroa skal blusse opp i Egypt. 
Uroa har vore knytt til demonstrasjonar i større byar og angrepa har vore retta mot norske ambassader, materielle ting og ikkje mot å skade mennesker.

Ei gruppe av Adventura elvane ligg for tida i ro i ein liten fiskelandsby ved Akkababukta der dei har aktiviteter knytt til vannsport, snorkling og dykking. Området er prega av beduinar, egyptarar knytt til turisme og ryggsekkturistar. Det er eit lite typisk muslimsk miljø her. 
Denne gruppa vil bruke resten av tida si her, før dei avsluttar Egypt opphaldet sitt i Cairo.

Den andre gruppa Adventura elevar, er fortida på Safari i ørkenen i Sinai. Grunna situasjonen er det forsterka politisikring på denne turen. Dette er gjort for å optimalisere sikkerheita rundt elevane.
Gruppa vil avslutte Safarituren heilt sør på Sinai på tysdag. Etter dette vil reisa gå til Øvre Egypt der dei skal besøke Luxor. Også denne gruppa vil avslutte turen i Cairo.

Adventura elevane kjem heim til Vinterferien og landar på Gardermoen torsdag 16. februar kl. 14.55.