Dokke som var elevar eller tilsette ved skulen i skuleåret 1955/56, 1965/66, 1975/76, 1985/86, 1990/91, 1995/96 og 2005/06 er jubilantar i 2016. De er historiske personar ved Møre Folkehøgskule og er no invitert til elevstemne laurdag 21. mai. Vi oppmoder jubilantar til å ta med gamle bilete, songbok med helsingar frå medelevar m.m. Og ikkje minst set vi pris på bidrag til programmet laurdag kveld. Klikk her for å melde deg på.