Dokke som var elevar ved skulen skuleåret 1954/55, 1964/65, 1974/75, 1984/85, 1989/90, 1994/95 og 2004/05 er jubilantar i 2015. De er historiske personar ved Møre Folkehøgskule og er invitert til elevstemne laurdag 30. mai 2015. Ein knyter sterke band og venskap til dei ein går på folkehøgskole med. Difor er det kjekt å møtast igjen. Vi oppmoder jubilantar til å ta med gamle bilder, songbok med helsingar frå medelevar m.m. Og ikkje minst set vi pris på bidrag til programmet laurdag kveld. Klikk her for å melde deg på.