Invitasjon til elevstemne i Ørsta laurdag 23. mai 2020

more_fhs_eksterior_01_2013

Til 5-års-, 10 års-, 20 års-, 25 års-, 30 års-, 40 års-, 50 og 60 års-jubilantar ved Møre folkehøgskule.

Tida går raskt. Dokke som var elevar ved skulen skuleåret 1959/60, 1969/70, 1979/80, 1989/90, 1994/95, 1999/2000, 2009/10 og for fem år sidan; kullet 2014/2015, er jubilantar og historiske personar ved Møre Folkehøgskule i Ørsta.

Vi vil invitere til eit treff der alle kan leite fram gode minner og opplevingar, og dyrke venskap som vart skapt då ein var elev ved Møre folkehøgskule. Vi vil òg nytte høvet til å fortelje litt om kva skulen står for i dag, kva aktivitetar som er i gang, kva som skjer på linjene og elles på skulen. Det blir møter med tidlegare lærarar og vi serverer både middag og litt program.

Påmelding: Meld deg på elevstemne 2020 i påmeldingsskjema nedanfor. Du kan og sende e-post til skulen til kontor@more.fhs.no eller ringe på telefon 70 04 19 99. Frist for påmelding er fredag 14. mai 2020.

Pris for deltaking/servering på stemnet er kr 300. Vi ber om at deltakarar betalar inn på førehand til konto nummer 3910.52.51290. Merk betalinga med «Elevstemne 2020» og namnet ditt. Klikk her for å sjå program.

* Alle felt må fyllast ut. Du får kopi av påmeldinga sendt til di e-post adresse.


















Eg var elev / tilsett ved Møre Folkehøgskule skuleåret (frå år / til år)



Tal på personar som kjem til middag



Dersom du treng overnatting ut over fredag til søndag så kan du tinge rom i vårt sommarhostel.



Namn på person du evt vil dele rom med


* Indikerer at feltet må fylles ut.