Møre Folkehøgskule fekk i september storfint besøk av Børge Ousland.

Som avslutning på ekspedisjonen «I Nansens fotspor», er Børge Ousland på veg på sykkel siste etappe frå Bodø til Oslo. Skulen fekk æra av å huse Ousland eit par dagar i samband med at han kombinerte turen med eit besøk hos Max, som er elev på Møre Folkehøgskule. Adventuraklassene fekk nokre timar med eventyrlege foredrag og forteljingar frå Ousland sine ekspedisjonar. Les meir på Ousland sine heimesider:

 http://www.ousland.no/blog/?cat=8 

 

Frå Animasjonshuset
Børge på Max i Animasjonshuset.
Klar for avgang vidare sørover.
Børge i klasserommet
Børge frå utlevert «Bibelen» for vandringar i Sunnmørsfjella.