Fjorårstreff 2006!
Av: Einar Opsvik [sist endra: 18.03.2006 kl. 23.02]
Årest fjorårstreff var hovudfokus for elevar og tilsette ved Møre Folkehøgskule helga 17. til 19.mars 2006. Arrangementet vart avvikla i tradisjonelle former, med møteplassar, utveksling av vennskap og kjennskap, volleballkamp, mat og program. På tross av ferre påmelde enn skulen hadde håpa og lagt opp til var det ein fin dag med gode møter med elevane frå i fjor.
Dagen starta med samlig i peisestova med oppdatering på kvar alle elevane frå i fjor oppheld seg i år. Deretter var det volleyballkamp i gymsalen. Elevane samlast så klassevis for å møte gamlelæraren og sjekke ut undervisningsromma som no andre har tatt over. Etter at middagen er avvikla er det program i peisestova som blir avslutta med direkte TV-sending i regi av TV/Film klassa.