Det er kjekt med gjensyn med elevar frå forrige skuleår! Fjorårets elevar inntok skulen fredag og laurdag ei helg i februar og arrangementet vart avvikla i tradisjonelle former. Vi gjorde opp status for alle elevane frå siste skuleår og det vart servert god mat og vi avslutta med ein spanande volleyballkamp.

Fjorårselevane fekk utover kvelden ein grundig presentasjon av aktivitetar og produksjonar som årets kull har engasjert seg i. For oss i personalet er det alltid kjekt å treffe igjen elevar som vi har blitt kjende med på godt og gale. Lukke til vidare til alle saman!

Peisestova
Samling i peisestova
Gjennomgang av status for alle elevane Vaskelappar frå Ragnhild
Helga sjekker ut rommet sitt Vollyball med stort engasjement