Set av laurdag 30. januar 2010 for tur til Ørsta og Møre Folkehøgskule!
![]() |
||||||||||||
Kjære elevar frå skuleåret 2008 – 2009! Invitasjon til fjorårstreff ved Møre Folkehøgskule laurdag 30. januar 2010. Ta spranget fullt ut og meld deg på fjorårstreffet! Dette blir årets einaste sjanse til å møte mange av dine vener og medelevar frå siste skuleår! Ekkoet av fjorårets elevar sit framleis i veggane på skulen. Nokre har vore innom på besøk i haust, og nokre har vi fått helsingar og meldingar frå, – det er veldig kjekt! Vi håper vi får møte mange på fjorårstreffet som vi har lagt til laurdag 30. januar. Programmet blir som skissert her:
Siste skuleår vart det laga mykje flott underhaldning og program. Dersom nokon har lyst til å bidra til laurdagsprogammet med repriser frå alt det kreative som vart laga ifjor; ta kontakt med oss på mail, eller snakk med Einar / Odd. Skulen er i år fylt heilt opp med årets elevar. Det er såleis ikkje overnattingsplass på skulen, og alle må derfor ordne seg med overnatting andre stader i Ørsta / Volda. Påmelding Vi skal planlegge middag til alle så det er viktig at du melder deg på så snart som råd! Du kan melde deg på ved å bruke elektronisk skjema på denne nettsida eller ta kontakt pr. telefon eller sende oss ein e-post til kontor@more.fhs.no. Hugs å skrive kven du er, kva klasse du gjekk i, og kva det gjeld. Å delta på treffet kostar kr. 150,-. Dette skal betalast på førehand til kto.nr.: 3992 05 01145. Påmeldingsfrist mandag 25. januar 2010 VELKOMEN ! Helsing frå lærarane frå skuleåret 2009 / 2010. |