Alle elevar frå skuleåret 2007 / 2008 blir invitert tilbake til skulen laurdag 07. februar 2009 for å møte gamle kjente. Det blir gjensyn med elevar frå siste skuleår, lærarar og andre tilsette, og det blir aktivietar og underhaldning i regi av årets elevar. Påmelding skjer via linken nedanfor, eller du kan ta kontakt pr. telefon; 70041999, eller på e-post kontor@more.fhs.no  Litt om programmet finn du nedst på sida.

Set av helga og meld deg på!

Velkomen!

Helsing frå alle tilsette ved Møre Folkehøgskule.

Du kan melde deg på her: påmelding til fjoråstreff

Anim 07 08

Animasjon

Kina-MR 07 08

Kina – Midtens Rike

Adventura – Afrika

Adv-Vatn 07 08

Adventura – Vatn

Adv-Egypt 07 08

Adventura – Egypt

Programmet for fjorårstreffet følger tradisjoneller former;

Vi møtast til lunsj kl. 12, og deretter blir det frå kl. 13 samling i ulike former. Vi vil utfordre fjorårselevane til volleyballkamp, så ta med utstyr! Etter middagen blir det elevkveld der årets elevar legg opp programmet, men vi vil gjerne ha reprise på noko av høgdepunkta frå i fjor! Send ei melding til skulen eller direkte til Einar. Vi siktar på å avslutte ca. kl. 21.00. Overnatting på skulen er vanskeleg å få til, sidan vi også i år har full skule og ingen ledige rom.

Velkomen!

Du kan melde deg på her: påmelding til fjoråstreff