Stor stemning og mykje gjensynsglede prega fjorårtreffet som vart arrangert laurdag 07. februar.

Alt fredag ettermiddag var fleire på plass og sette preg på dagen ved skulen. Det vart ein god fredagskveld der gjensyn med svelene var eit av høgdepunkta. Treffet starta offisielt på laurdag med lunsj og ei fellessamling saman med rektor. Etter kvart vart det arrangert venskapleg volleyballspel med konkuranse mellom årskulla. Dette vart ei langvarig affere med jamne lag og stor stemning i gymsalen.

 

Volleyballkamp med to svært jamne lag.
Engajsementet på sidelinja var like stort som på bana!
Fjorårslaget
Årets håpefulle heltar!

 

Seinare på dagen vart det møte med lærarar frå i fjor. Mange vart rundt på internatet for å sjekke kven som hadde invadert rommet. Middagen vart avvikla med song og god mat før det heile vart avslutta med elevkveld i gymsalen. I vanlege kreative former vart programmet avvikla med innslag frå både gamle og nye elevar.

Fullt i matsalen under middagen.

Marthe og Maja serverte dikt og musikk; nostalgisk tilbakeblikk på året som var over… Og her kan du lese diktet: Dikt til fjorårtreffet.

 

 

Petter inviterer til dansefest!
Som avslutning på programmet inviterte Petter til fellesdans der alle vart instruert i hans eigne dansetrinn.  Stor stemning!