Haustsemesteret vart laurdag den 14. desember 2013 runda av med eit flott juleball med god mat, flott program og dans til langt på natt. Skulen ønsker alle elevar og tilsette riktig god jul og godt nyttår. Velkomen tilbake i 2014!

Elevrådet med Mari i spissen har langt ned eit stort arbeid i å skape eit flott arrangement. Heile fredagen og laurdag på føremiddag har gått med til pynting og sceneprøver. Matsalen var pynta til eit flott måltid med tradisjonell norsk og velsmakande julemat.

Programmet i gymsalen var gjennomarbeidd og trygt losa i land av gode programleiarar. Dette vart ei flott avslutning på eit vel gjennomført semester med mange gode opplevingar og nye erfaringar.

Her kan du sjå fleire bilete frå juleballet og bilete frå hausten 2013.