Påmelding til foreldrehelg på Møre Folkehøgskule

more_fhs_eksterior_01_2013

Skulen inviterer foreldre eller andre nære til foreldrehelg i Ørsta laurdag 11. mai 2019.

Eit skuleår går veldig fort når ein er engasjert og opplevingane står i kø! Nokre nyt vinteren på Sunnmøre og nokre er på veg ut på tur i den store verda for å møte andre land og kulturar og gjere nye erfaringar. Ikkje før etter påske er heile elevflokken samla. Vi skal då ha nokre hektiske veker med felles opplevingar før avslutninga midt i mai.
 
Meld deg på foreldrehelg 2019 i påmeldingsskjema under. Du kan og sende påmelding i e-post til kontor@more.fhs.no. Eller du kan ringe til skulen på telefon 70 04 19 99. Invitasjonen gjeld foreldre eller andre nære for elevar frå skuleåret 2018/2019.

Påmeldingsfrist er 2. mai 2019. Påmelding fra denne sida blir registrert hjå oss i database i webserver samt i form av e-post til kontoret (du får automatisk kopi av påmeldinga pr e-post). Du får seinare ny stadfesting frå skulen slik at du er sikker på at di påmelding er registrert.

Pris for vaksen er kr 150 pr person. Pris for barn under 15 år er kr 100 pr person. Betal gjerne inn avgifta på førehand til konto nummer 3910.52.51290. Merk beløpet «Foreldrehelg 2019» og namn på elev.

Program for foreldrehelga 11. mai 2019

09.00 – 10.00:  Frukost i matsalen
10.00 – 12.00:  Tid til pakking i bilane, eventuelt småturar i nærområdet
12.00 – 13.30:  Lunsj. Suppe og rundstykker i matsalen
15.00:              Rektor møter foreldre og føresette i gymsalen
15.15 (ca):       Samling klassevis saman med foreldre og føresette
17.00:              Middag i matsalen
19.00:              Program i gymsalen
21.30 (ca):       Kaffi og kaker i matsalen

Overnatting
Alle rom på skulen er opptatt og det er dessverre ikkje mogleg å overnatte på skulen.

Overnattingsalternativ i Ørsta/Volda:

For at kjøkenet skal kunne berekne nok mat er det viktig å krysse på påmeldingskjemaet kor mange som kjem til dei ulike måltida. Meld også ifrå om eventuell spesialkost.

* Alle felt må fyllast ut. Du får kopi av påmeldinga sendt til di e-post adresse.




























Oppgi ønskje for spesialkost, tal på personar og til frukost, lunsj og/eller middag.

* Indikerer at feltet må fylles ut.