Peter skal vere sivilarbeidar ved Møre Folkehøgskule i eitt år, og hadde sin første arbeidsdag i dag.

Frå i dag og i eitt år framover er Peter Johnson tilsett ved Møre Folkehøgskule som sivilarbeidar. Peter var elev ved skulen i fjor og kjenner både personalet og skulen godt. Arbeids-oppgåvene til sivilarbeidaren blir i hovudsak å bistå lærarane i adventura-klassenene. Han skal elles samarbeide nært med både administrasjonen og assistentane for å bidra til å skape eit godt skuleår. I sommar og i dei periodane det ikkje er elevar ved skulen blir Peter skulen si «potet» med oppgåver knytt til det som til kvar tid skjer ved skulen.

Vi ynskjer Peter velkomen!