Den tradisjonelle fotballcupen i Voldahallen går av stabelen denne helga og Møre Folkehøgskule stiller to lag – Veggen og Skjebnen. I skrivande stund møtte Veggen veggen og status for turneringa vart ein 3. plass i si gruppe. Det betyr at det ikkje blei sluttspel for Veggen.

Skjebnen til Skjebnen er enno ikkje avklart då kampane deira går fram til 0045 i natt (natt til søndag)…

Uansett innsats på bana, så er supportergjengen til Møre Folkehøgskule også i år uslåeleg. Med sang, musikk, blokkfløytespel, duskedamer og menn, heiarop og godt humør prega elevane på Møre Folkehøgskule Volda hallen.

fotballcup_voldahallen_2006a

 

Neste år vil vi også sjå jentene til Møre Folkehøgskule på bana, sjøl om Adventura elevane på denne tida lever livet i Egypt.