Også Kinaklassa har vore i aktivitet i haust. I tillegg til innandørs Taiji Quan har klassa også fått nyte delar av vår lokale naturrikdom.

Elevane i «Kina – Midtens Rike» lærer mykje om Kina, språk, kultur og natur. Ein kan likvel ikkje vere på folkehøgskule på Sunnmøre utan å oppleve noko av naturen i nærområdet. Klassa har vore på fjellturar og sykkeltur og siste veka har vi brukt skulen sitt klatreutstyr for å utfordre kvarandre og kome i stadig bedre form.

Klassa samlae ein fin dag med ein fin tur til Skorgedalen ca. 4 km nordvest for Ørsta.
Utsikt over Ørsta frå toppen av Helgehornet.
«Føling i fjøra» i matpausen under sykkelturen rundt Berneset.
Frå toppen av Helgehornet.
Klar for sykkeltur.
Vaktmeister og nattevakt Kjetil no også som vår lokale » Reodor Felgen».