For neste skuleår er alle plassar ved Møre Folkehøgskule fyllt opp! Dette er vi veldig glade for, og vi kan bruke tida fram til skulestart til å planlegge innhaldet i skuleåret 2007 / 2008.

Sjølv om det i størst grad er Adventura-klassene som har blitt fyllt opp først og raskast, har vi også opplevd svært god søknad på dei andre linjene ved skulen. Alt i god tid før påske måtte vi sette strek for opptaket og nye søkjarar må evt stå på venteliste.

Det har generelt vore meir enn 10% auke i talet på søknader til folkhøgskulane, og det ser ut som det er svært mange undgommar som er tiltrekt av aktivitetane og opplevingane som er knytt til Sunnmørsalpane og turar i inn og utland.

Vi ser fram til august og møtet med ein ny og stor elevflokk!