Når den første desembersnøen er i ferd med å bidra til kvit julestemning, går første halvdel av skuleåret inn i avslutningsfasen. Det betyr stor aktivitet på skulen med juleverkstad, juleball og mykje kos på huset. Siste veka før juleballet er Prots tilbake på skulen og gir alle ei god koroppleving. Halvåret har elles vore hektisk med stor aktivitet for alle klassene ved Møre Folkehøgskule.

[sircon-showcase id=»3815″]


To av klassene har vore på tur til Bali og hatt gode opplevingar og lært mykje nytt om natur, kultur og ikkje minst fått prøve seg på surfing, sykling og andre aktivitetar. Det har ikkje gått heilt smertefritt, men vi er veldig glade for at alle tilbake og i full aktivitet på skulen. Kinaklassa har tileigna seg mykje nytt om Kina, språk, kultur, historie og ikkje minst matlaging.

Matauk og vedhogst høsten 2018
Matauk og vedhogst hausten 2018

Vi har hatt besøk av Master An frå Kina som har hatt kinesisk kampsport på timeplanen. Produksjon av filmar i Animasjonsklassa har utviklar seg frå den enkle streken til å omfatte mange ulike metodar og teknikkar, både analogt og digitalt. Klassa har òg vore på animasjonsfestival i Fredrikstad.

Sjølv om lærarane aldri får gjennomført nok av dei turane og opplevingane dei har lyst til å gje til elevane, har det vore stor aktivitet med turar og opplevingar i all slag vêr rundt om i Sunnmørsalpane.

Fjelltur i Sunnmørsalpene hausten 2018
Fjelltur i Sunnmørsalpene hausten 2018

Sjølv om fjella og fjordane i vårt nærområde er innbydande og inviterer til flotte opplevingar har vi òg fått oppleve på nært hald kor lett det kan gå gale. Vi vil rette ei særskild takk til dei elevane som har vore med på leiteaksjonen i regi av Røde Kors som vart gjennomført i november.

Vi håper likevel at det er fellesskapen og dei gode opplevingane, kreative elevkveldar og ny kunnskap som er dei viktigaste minna frå første halvår på Møre folkehøgskule. Vi vil med dette ynskje alle eit god jul, og velkomen tilbake til full fart og ny innsats i januar!

Med helsing
Einar Opsvik
rektor