Ved sidan av mykje tørr informasjon blir første veka på skulen nytta til ein tre dagers tur til Standalhytta. Her blir det lagt til rette for ulike aktivitetar og turar i fjellet.
Alle elevane var første dagen på fjellet involvert i «Standalsvelodromen», sett i system av Adventuralærar Christian Howlid. Her fekk alle prøve ut sin fysiske styrke, konsentrasjon og testa lagånda på postane som var plasserte rundt om hytta. Torsdagen var elevane delte i grupper, der nokre gjekk på fjelltur, nokre reiste til sjøen på fisketur og nokra plukka bær og sopp ved hytta.
![]() |
Standalhytta |
![]() |
Fiskelykke! |
![]() |
Turmål; Sylen, til venstre i biletet. |
![]() |
Panorama frå toppen |
![]() |
Vanskelegare enn det ser ut til….
Islandske kamerater deler alt… |
![]() |
Intens konsentrasjon |
![]() |
Høgtflygande jenter… |
![]() |
Sykkeltur gjennom Follestaddalen. |
![]() |
Badenymfer i iskaldt fjellvatn. |