No er det snart skulestart og her kjem nokre nyttige tips og triks til førebuinga.

1. Merk kleda og utstyret dykkar med navn. Mange elevar, mykje vasking/tørking og aktivitet fører til ein del kaos i utstyr og klede. Sørg for å ta vare på tinga dine.

2. Sørg for at sykkelen er i orden til skulestart. Sjå til at dekk, bremser og gir fungerer optimalt. Smør kjedet inn med olje. Ta med ein ekstra slange, lappesaker og olje til sykkelen din.

3. Har du gått inn dei nye fjellskoa? Viss ikkje, ta deg nokre turar no før skulestart. Dette for å unngå gnagsår og andre belastningsplagar på lengre turar.

4. Er passet ditt i ferd med å gå ut på dato? Sjekk dette og evt. gå på inn på næraste politistasjon for å fornye.

5. Trøytt om morgonen? Vi krev at du søv om natta, står opp om morgonen, et frukost og møter presis til planlagt opplegg. Kom deg inn i ei god rytme no før skulestart. Du har ikkje lyst til å gå glipp av noko dette året her:) 

Lykke til med førebuinga:)