Velkomen til elevstemne laurdag 06. juni 2009! På tradisjonelt vis inviterer vi med dette tidlegare elevar til stemne også i 2009. Frist for påmelding er 29.mai 2009 og du kan mellom anna melde deg på via denne websida. Det er stor utfordring for oss å finne adresser til tidlegare elevar. Dersom du ha ny adresse; ta kontakt med skulen slik at vi kan oppdatere vårt register!

Til 10 års-, 20 års-, 25 års-, 30 års-, 40 års-, 50 års og 60 års jubilantar.

Tida går raskt – dokke som var elevar ved skulen skuleåret; 1948/49, 1958/59, 1968/69, 1978/79, 1983/84, 1988/89 og 1998/99 er jubilantar; – historiske personar ved Møre Folkehøgskule. Ein knyter sterke band til dei ein går på folkehøgskole saman med – ofte venskap som varer livet ut.  Dessverre er det ikkje alltid slik at ein klarer å halde oppe den kontakten ein ønskjer. 

Elevstemne er ein treffstad for gamle vener – eit høve til å mimre, og det blir viktigare og viktigare etter kvart som åra går.

Invitasjon til elevstemnet 2009 – laurdag 06. juni.
Elevstemne er laurdagen, men mange kjem allereie fredagskveld og organiserer eit ”ekstra-treff”. Det er høve til å leige rom på skulen frå fredag.

Programmet vert: 

Kl. 14.00 ”Velkomen atter”  Gamle vener møtast på skulen
Kl. 17.00 Festmiddag – servering på skulen   
              Etter middagen vert det høve til å gå  ”mimrevegar” på skulen.
Kl. 19.30 Programkveld i gymnastikksalen Underhaldning, stemnetalar,
              programinnslag frå nokre av jubilantane ?

NB ! Søndag 07. juni Kl. 11.00 arranger vi tur med omvising til det nye Aasen-tunet i Hovdebygda.

Vi oppfordre alle jubilantar til å ta med gamle bilder, songbok med helsingar frå medelevar m.m. – det er ofte eit av høgdepunkta. Ikkje minst set vi pris på bidrag til programmet laurdag kveld.

Også i år vil vi arrangere elevstemnet utanfor skuleåret.  Vi kan då tilby overnatting til dei aller fleste som kjem tilreisande.  Mange gongar har vi snakka med jubilantar som ikkje har kunne kome til Ørsta fordi dei mangla overnatting. Vi fekk berre positive tilbakemelding frå dei som var jubilantar i fjor. Dei som vil ha overnatting må kontakte skulen snarast for å bestille rom. (Kanskje kan gamle romvenner/venninner dele rom igjen ?)

Prisen på overnatting: Dobbeltrom kr. 300,- pr. pers/enkeltrom kr. 350,-  inkl. frukost.  Sjå meir på våre heimsider www.mf-sommarhotell.no

Å reise/eller ikkje reise på jubilantstemne/elevstemne er ofte eit spørsmål om prioritering – av tid og pengar.  Særleg dette med tid er avgjerande – men kor ofte har vi ikkje sagt til oss sjølve: Eg vil bruke meir tid på å halde kontakt med vener og familie  – å sette av tid til elevstemne er eit steg i rett veg. Det er lurt å bruke telefonen og snakke med andre av ditt kull for å ”mobilisere” – mange lurer på om det er andre som kjem, og treng eit ”spark bak” for å ta laust.

Påmeldingsfrist 29. mai 2009.

Pris; kr. 200,-. Vi ber om at de samstundes med påmelding betalar inn summen til kto. nr.: 3992 05 01145. Merk innbetalinga med elevstemne, namn og årskull.

Velkomen til elevstemne!

Helsing

Petra Folkestadås – Leiar i elevlaget

Odd A. Steinvåg – Rektor 

Ulike måtar å melde seg på:
  • Fyll ut påmeldingsskjema på våre nettsider:
klikk her.
  • Send ein e-post:
kontor@more.fhs.no
  • Ta kontakt pr. telefon:
70041999
  • Send eit kort / brev:
Møre Folkehøgskule, postb. 14, 6151 Ørsta