Årets treff for tidlegare elevar blir arrangert laurdag 28. mai 2011 i Ørsta.

Til 10 års-, 20 års-, 25 års-, 30 års-, 40 års-, 50 års og 60 års jubilantar!

Tida går raskt – dokke som var elevar ved skulen skuleåret; 1950/51, 1960/61, 1970/71, 1980/81, 1985/86, 1990/91 og 2000/2001 er jubilantar; – historiske personar ved Møre Folkehøgskule.

Ein knyter sterke band til dei ein går på folkehøgskole saman med – ofte venskap som varer livet ut.  Dessverre er det ikkje alltid slik at ein klarer å halde oppe den kontakten ein ønskjer.  Elevstemne er ein treffstad for gamle vener – eit høve til å mimre, og det blir viktigare og viktigare etter kvart som åra går.

Invitasjon til elevstemnet 2011 – laurdag 28. mai 2011.

Elevstemne er lagt til laurdag, men mange kjem allereie fredagskveld og organiserer eit ”ekstra-treff”. Det er høve til å leige rom på skulen frå fredag.

Programmet vert:

Kl. 14.00: ”Velkomen atter”. Gamle vener møtast på skulen.
 
Kl. 17.00: Festmiddag – servering på skulen. Etter middagen vert det høve til å gå  ”mimrevegar” på skulen. 
 
Kl. 19.00: Programkveld i gymnastikksalen Underhaldning, stemnetalar, programinnslag frå nokre av jubilantane?

Vi oppfordre alle jubilantar til å ta med gamle bilder, songbok med helsingar frå medelevar m.m. – det er ofte eit av høgdepunkta. Ikkje minst set vi pris på bidrag til programmet laurdag kveld.

Også i år vil vi arrangere elevstemnet utanfor skuleåret.  Vi kan då tilby overnatting til dei aller fleste som kjem tilreisande.  Mange gongar har vi snakka med jubilantar som ikkje har kunne kome til Ørsta fordi dei mangla overnatting. Vi fekk berre positive tilbakemelding frå dei som var jubilantar i fjor. Dei som vil ha overnatting må kontakte skulen snarast for å bestille rom. (Kanskje kan gamle romvenner/venninner dele rom igjen ?)

Prisen på overnatting: Dobbeltrom kr. 300,- pr. pers/enkeltrom kr. 350,-  inkl. frukost.  Sjå meir på våre heimsider www.mf-sommarhotell.no.

Å reise/eller ikkje reise på jubilantstemne/elevstemne er ofte eit spørsmål om prioritering – av tid og pengar.  Særleg dette med tid er avgjerande – men kor ofte har vi ikkje sagt til oss sjølve: Eg vil bruke meir tid på å halde kontakt med vener og familie  – å sette av tid til elevstemne er eit steg i rett veg.

Det er lurt å bruke telefonen og snakke med andre av ditt kull for å ”mobilisere” – mange lurer på om det er andre som kjem, og treng eit ”spark bak” for å ta laust. For nokre av årskulla er det og oppretta grupper på facebook.

Leit etter ditt årskull på www.facebook.com

Frist for påmelding: 20. mai 2011.

Velkomen til elevstemne!

Helsing

Odd A. Steinvåg                                                        Petra Folkestadås

Rektor                                                            Leiar i elevlaget

Klikk her for å gå til påmelding til Elevstemne