Laurdag 31. januar 2015 er det klart for årets fjorårstreff. Alle elevar frå siste skuleår er inviterte til å kome tilbake til skulen for å møtast og mimre. Det blir eit tradisjonelt arrangement, med m.a. volleyballkamp mellom fjorårets og årets elevar.
Alle lærarar og tilsette som vart kjende med kullet 2013 – 2014 ser fram til å møtast igjen. Programmet blir som skissert nedanfor. Det blir også sendt ut på e-post og lagt ut på kullet si Facebookside. Hugs å melde deg på på dette elektroniske skjemaet (frist 26. januar 2015), og betal før du kjem. Velkomen til eit kjekt gjensyn!