Laurdag 19. februar 2011 er det klart for årets treff for fjorårets elevar! Alle elevar frå skuleåret 2009 – 2010 blir med dette invitert. Les invitasjonen og meld deg på! Du kan bruke eige påmeldingsskjema som du finn link her, sende e-post til kontor@more.fhs.no eller ringe tlf 70041999.
Kjære elevar frå skuleåret 2009 – 2010!
Invitasjon til fjorårstreff ved Møre Folkehøgskule
laurdag 19. februar 2011.
Ta spranget fullt ut og meld deg på fjorårstreffet! Dette blir årets einaste sjanse til å møte mange av dine vener og medelevar frå siste skuleår! Her på skulen sit ekkoet av fjorårets elevar framleis i veggane, nokre har òg vore innom på besøk i haust, og nokre har vi fått helsingar og meldingar frå, – det er veldig kjekt! Vi håper vi får møte mange på fjorårstreffet som vi har lagt til laurdag 19. februar.
Programmet blir som skissert her:
Kl. 12.00 |
Lunsj i matsalen. |
Kl. 13.00 |
Fellessamling i peisestova. |
Kl 14.00 |
Volleyballkamp mellom årselevane og fjorårselevane. (ta med utstyr!) |
Kl. 15.00 |
Klassene møter lærarane frå ifjor. |
Kl. 17.00 |
Middag. |
Kl. 18.30 |
Program i gymsalen, formell avslutning ca. kl. 21.00. |
Siste skuleår vart det laga mykje flott underhaldning og program. Dersom nokon har lyst til å bidra til laurdagsprogrammet med repriser frå alt det kreative som vart laga i fjor, ta kontakt med oss på mail, eller snakk med Einar / Odd.
Skulen er også i år fylt heilt opp med årets elevar. Det er såleis ikkje overnattingsplass på skulen, og alle må derfor ordne seg med overnatting andre stader i Ørsta / Volda.
Påmelding
Vi skal planlegge middag til alle så det er viktig at du melder deg på så snart som råd! Du kan melde deg på ved å bruke elektronisk skjema som ligg på våre nettsider under «siste nytt». Du kan og ta kontakt pr. telefon, eller sende oss ein mail: kontor@more.fhs.no. Hugs å skrive kven du er, kva klasse du gjekk i, og kva det gjeld. (Det er og eit alternativ å fylle ut og sende oss påmeldingsslippen nedanfor)
Å delta på treffet kostar kr. 150,-.
Dette skal betalast på førehand til kto.nr.: 3992 05 01145.
Påmeldingsfrist mandag 14. februar 2011.
VELKOMEN !
Helsing frå lærarane frå skuleåret 2009 / 2010.