Dette er siste helga elevane er på skulen. Vi inviterer alle foreledre / føresette til ei samling denne helga for å møtast og for å presentere noko av det elevane har vore med på gjennom skuleåret. Dei fleste nyttar også dette høvet til å sende med foreldre bagasje heim.

Til foreldre/føresette for elevar skuleåret 2008 / 2009.

Skulen er midt i ein hektisk vinter med mykje aktivitet og reiseverksemd. Etter påske går vi inn i siste fase i skuleåret ved Møre Folkehøgskule. Elevflokken skal då stort sett vere samla, og vi skal avlutte året med fellesopplevingar og oppsummeringar frå det dei einskilde klassene har vore igjennom. Som vanleg kjem slutten brått på, og vi opplever at vekene på folkehøgskulen går svært fort unna.

Eit år på folkehøgskule er rikt på opplevingar – møte med ny romkamerat, nye vaksne, tilpassing til internatrutinar, turar, filmfestival, matpakke, klatring, ski, intern-TV, teater, elevkveldar, kanokurs, Ålesund, laurdagsseminar, Kina, Egypt, Afrika, m.m. Det meste er lystbetont, men vi har også mange utfordringar. Kort sagt – det skjer noko heile tida. 

Invitasjon.

Før skuleåret blir avslutta ynskjer vi å invitere alle foreldre/førsette m.m. til å kome på besøk til skulen siste ordinære helga dette skuleåret: 3. – 4. mai 2008. Vi vil då vise foreldre og føresette litt av det vi bruker året til, de får møte dei som har hatt ansvaret for dei ulike linjene, og de skal også få vere med på ein elevkveld, og de får høve til å oppleve litt av Sunnmørsnaturen.

Program

Laurdag 9. mai

Kl. 11.00 Fellessamling – kort om Møre Folkehøgskule

Kl. 11.15 Foreldre/elevar møter klassene i «klasserommet»

Kl. 13.00-14.30 Lunsj, tid til pakking etc.

Kl. 17.00 Middag

Kl. 19.00 Elevkveld

Kl. 21.30 (ca.) Kveldsmat / kaffi og kaker i matsalen

Søndag 10. mai

Kl. 08.30 Frukost

Kl. 09.45 Avreise til Runde

Retur frå Runde ca. kl. 17 – 18 (avhengig av veret)

Etter frukost på søndag reiser heile skulen på tur til fugleøya Runde. Dette er ein skuledag for elevane. Dersom foreldre/føresette har høve til å vere med, er vi glade for det. Tur med båt rundt Runde kostar kr. 150,-. Middag på Runde kostar kr. 125,-. Skulen ordnar med skyss for dei som vil vere med.

Overnatting.

 

Overnattingsmuligheiter i Ørsta:

 

Vi har svært avgrensa plass på internatet, men det er mulig å overnatte på rommet til elevane. Dersom du har ynskje om å overnatte på skulen, ta kontakt med internatleiar Aflhild på tlf; 70041984 mobil; 95945915. Internatleiar koordinerer all overnatting.

 

 

Velkomen!

 

 

Venleg helsing

Odd A. Steinvåg – rektor

 

Alle får tilsendt invitasjon pr. post, men du kan også melde deg på her.

eller du kan sende ein e-post til skulen: kontor@more.fhs.no

Ring oss om du treng meir informasjon; 70041999