Til foreldre/føresette for elevar frå skuleåret 2010 / 2011.

Skulen er midt i ein hektisk vinter med mykje aktivitet og reiseverksemd. Etter vinterferien er klassene på reisefot ulike stader i verda. Når elevane igjen er samla etter påske går vi inn i siste fase i skuleåret som i år er kort og hektisk. Vi skal avlutte året med fellesopplevingar og oppsummeringar frå det dei einskilde klassene har vore igjennom. Som vanleg kjem slutten brått på, og vi opplever at vekene på folkehøgskulen går svært fort unna.

Eit år på folkehøgskule er rikt på opplevingar – møte med ny romkamerat, nye vaksne, tilpassing til internatrutinar, turar, filmfestival, matpakke, klatring, ski, teater, kanokurs, Ålesund, laurdagsseminar, elevkveldar, Kina, Egypt, Afrika, m.m. Mykje er lystbetont, men vi har også mange utfordringar. Kort sagt – det skjer noko heile tida.

Invitasjon:

Før skuleåret blir avslutta ynskjer vi å invitere alle foreldre / føresette m.m. til å besøke skulen siste ordinære helga dette skuleåret: 7. – 8. mai 2009. Vi vil då vise foreldre og føresette litt av det vi bruker året til, de får møte dei som har hatt ansvaret for dei ulike linjene, og de skal også få vere med på ein elevkveld, og de får høve til å oppleve litt av Sunnmørsnaturen.


Program:

Laurdag 7. mai

Kl. 11.00 Fellessamling – kort om Møre Folkehøgskule

Kl. 11.15 Foreldre/elevar møter klassene i «klasserommet»

Kl. 13.00-14.30 Lunsj, tid til pakking etc.

Kl. 17.00 Middag

Kl. 19.00 Elevkveld

Kl. 21.30 (ca.) Kveldsmat / kaffi og kaker i matsalen

Søndag 8. mai

Kl. 08.30 Frukost

Kl. 09.45 Avreise til Runde

Retur frå Runde ca. kl. 17 – 18 (avhengig av veret)

Etter frukost på søndag reiser heile skulen på tur til fugleøya Runde. Dette er ein skuledag for elevane. Dersom foreldre/føresette har høve til å vere med, er vi glade for det.

Tur med båt rundt Runde kostar kr. 150,-. Middag på Runde kostar kr. 125,-. Skulen ordnar med gratis skyss for dei som vil vere med. Hugs å krysse av for dette på påmeldingsskjemaet.

Overnatting:

Vi har svært avgrensa plass på internatet, men det er mulig å overnatte på rommet til elevane. Dersom du ynskjer å overnatte på internatrommet til eleven, koordinerer elevane dette internt, og gir melding til internatleiar. 

Internatleiar Alfhild kan nåast på tlf. 70041984, mobil 95945915. Telefonnr. til skulen er 70041999, på kveldstid til tilsynslærar: 48118525.

Overnattingsmuligheiter i Ørsta:

Hotell Ivar Aasen: www.vikingfjordhotel.com

Ørsta Camping: www.orstacamping.no

Brudevoll Hyttegrend: www.brudevoll-gard.no

Nipehyttene: www.nipe-hyttene.no

Volda Turisthotell: www.voldaturisthotell.no

Hytter i Ørsta sentrum: http://www.naturferie.no/no/cabins

Påmelding:

Send påmelding via vårt påmeldingsskjema eller som e-post til kontor@more.fhs.no.
Du kan og ringe til skulen på telefon 70 04 19 99.

Påmeldingsfrist er 1. mai 2011.

Betaling: deltaking på foreldrehelga kostar kr. 100,- pr person. (kr. 50,- for barn).
Betal gjerne på førehand til konto nr.  3992.05.01145.

Venleg helsing

Odd A. Steinvåg – rektor