Før skuleåret blir avslutta ynskjer Møre Folkehøgskule å invitere alle foreldre / føresette m.m. til å kome på besøk til skulen siste ordinære helga dette skuleåret: 8. og 9. mai 2010. Vi vil då vise foreldre og føresette litt av det vi bruker året til, de får møte dei som har hatt ansvaret for dei ulike linjene, og de skal også få vere med på ein elevkveld, og de får høve til å oppleve litt av Sunnmørsnaturen.

Les meir om påmelding og overnatting i vedlagte dokument. Du kan og melde deg på til foreldrehelga her.