Før skuleåret blir avslutta ynskjer vi å invitere foreldre / føresette m.m. for elevar for skuleåret 2012 / 2013 til å kome på besøk til skulen siste ordinære skulehelg dette skuleåret. Vi vil då vise foreldre og føresette litt av det vi bruker året til, de får møte dei som har hatt ansvaret for dei ulike linjene, og de skal få vere med på ein elevkveld. Vi håper og at de får høve til å oppleve litt av Sunnmørsnaturen.

Klikk her for å gå til påmeldingsskjema for foreldrehelg 2013

Skulen er midt i ein hektisk vinter med mykje aktivitet og reiseverksemd. Etter vinterferien er tre av klassene på reisefot ulike stader i verda, og to andre stort sett på ski på fjellet. Etter påske går vi inn i siste fase i skuleåret som også i år vert kort og hektisk.  Elevflokken skal då stort sett vere samla, og vi skal avlutte året med felles opplevingar og opp-summeringar frå det dei einskilde klassene har vore igjennom. Som vanleg kjem slutten brått på, og vi opplever at vekene på folkehøgskulen går svært fort unna.

Program:
Kl. 11.00  Fellessamling – kort om Møre Folkehøgskule
Kl. 11.15  Foreldre/elevar møter klassene i ”klasserommet”
Kl. 13.00-14.30  Lunsj, tid til pakking etc.
Kl. 17.00  Middag
Kl. 19.00  Elevkveld
Kl. 21.30 (ca.)  Kveldsmat / kaffi og kaker i matsalen
Frukost søndag morgon frå kl. 08:00 – 10:00.

Vi har ikkje lagt opp til program søndag 5. mai, men vi håper at nokon nyttar høvet til ein tur på fjellet eller til ei av øyane v. kysten!

Overnatting:
Vi har svært avgrensa plass på internatet, men det er mulig å overnatte på rommet til elevane. Dersom du ynskjer å overnatte på internatrommet til eleven, koordinerer elevane dette internt, og gir melding til internatleiar.

Internatleiar Alfhild kan nåast på tlf. 95945915, Telefonnr. til skulen er 70041999, på kveldstid til tilsynslærar: 48118525.

Andre overnattingsmuligheiter i Ørsta:
Ivar Aasen Hotel; www.vikingfjordhotel.com/ 
Ørsta Camping; www.orstacamping.no/
Brudevoll Hyttegrend; www.brudevoll-gard.no/
Nipehyttene; www.nipe-hyttene.no/
Hotell i Volda: www.voldaturisthotell.no 
Hytter i Ørsta sentrum: http://www.naturferie.no/no/cabins/
Påmelding
Registrer påmeldinga di / dykkar med påmeldingsskjema frå våre websider. Du kan og sende e-post til kontor@more.fhs.no. Du kan og ringe til skulen på tlf.: 70041999. Fax nr.: 70041998. 

Påmeldingsfrist 26.april. Betaling: deltaking på foreldrehelga kostar kr. 100,- pr person. (kr. 50,- for barn, under 15 år.) Betal gjerne på førehand til konto nr.  3992 05 01145.