Ta spranget fullt ut og meld deg på fjorårstreffet! Dette blir årets beste sjanse til å møte mange av dine vener og medelevar frå siste skuleår! Her på skulen sit ekkoet av fjorårets elevar framleis i veggane. Mange har vore innom på besøk i haust, og nokre har vi fått helsingar og meldingar frå. Det er veldig kjekt! Og ikkje minst, Henrik, Henrik, Ingeborg, Anne Marie, William, Gard, Amalie og Sina er her som assistentar. Vi håpar vi får møte mange på fjorårstreffet som vi har lagt til laurdag 8.februar 2020.

Program fredag:

  • Kl. 09.00 Morgonsamling
  • Kl. 09.30 Aktivitet i peisestova med Sumin og Tiina
  • Kl. 09.30 Avreise/shuttle skidag
  • Kl. 10.00 – 14.00 Aktivitet i skibakken
  • Kl. 15.30 Middag på skulen

Skidag: Skulen står for transport ut til eit skianlegg. Her går skitrekket og kafeen er open. Kjøkkenet kjem opp med varm lunsj. Om du ynskjer skikort til trekket, så må du kjøpe det, – du kan betale når du kjem til skulen. På kveldstid fredag, blir det svelesteiking i peisestova (mogleg det blir i matsalen om vi blir mange) og sosial hygge ut over kvelden.

Program laurdag:

  • Kl. 12.00 Lunsj i matsalen
  • Kl. 13.00 Fellessamling i peisestova
  • Kl. 14.00 Klassane møter lærarane frå i fjor
  • Kl. 15.00 Volleyballkamp mellom årselevane og fjorårselevane
  • Kl. 17.00 Middag
  • Kl. 18.30 Program i gymsalen, avslutning ca. kl. 21.00

Klikk her for å melde deg på fjorårstreffet laurdag 8.februar 2020

Underhaldning
Siste skuleår vart det laga mykje flott underhaldning og program. Dersom nokon har lyst til å bidra til laurdagsprogrammet med reprisar frå alt det kreative som vart laga i fjor. Ta kontakt med oss på e-post, eller snakk med Tor-Erik på 958 57 714 eller tor.erik@more.fhs.no.

Overnatting
Skulen er også i år fylt heilt opp med årets elevar, men vi ynskjer dykk velkomne frå onsdag slik at de mellom anna kan ha eigenaktivitetar eller delta på skidag. Ta kontakt med din tidlegare linjeleiar om du har andre ynskjer for aktivitetar (dette skriv du i merknadsfeltet i påmeldinga di). Overnatting skjer på klasserom. Du treng liggeunderlag og sovepose/dyne.

Skulen sitt alkoholreglement gjeld sjølvsagt, og vi baserer dette på tillit til den enkelte! Dersom det blir lagt opp til ein fjorårsfest på laurdag etter programmet, må dette sjølvsagt skje ein annan stad t.d. i Volda eller Ørsta. Ein må då ordne seg med ein annan overnattingsstad. Det er ikkje høve til å kome tilbake på skulen etter at ein har vore på fest.

Påmelding
Vi skal planlegge middag, mat og overnatting til alle så det er viktig at du melder deg på så snart som råd! Du kan melde deg på ved å bruke skjema som ligg på skulen sine nettsider under menyen Siste nytt.

Å delta på treffet kostar kr. 100 inkludert middag på laurdag. Overnatting på skulen kostar kr. 100 pr døgn, inklusiv mat, badstue, jacuzzi og morgonsamling. Å delta på skidag kostar kr 250 (tillegg for transport utført av skulen kr 50).

Samla beløp for påmelding skal betalast på førehand til konto nummer 3910.52.51290.

Helsing frå lærarane og tilsette frå skuleåret 2018 / 2019: Vi gler oss til å møtte dokke igjen!

Klikk her for å melde deg på fjorårstreffet laurdag 8.februar 2020

Påmeldingsfrist er fredag 31.januar 2020

Med venleg helsing

Møre Folkehøgskule
Einar Opsvik
rektor