Eit halvår er allereie gått, jula er like rundt hjørnet, og elevar og lærarar feira dette høvet med julemat, glitter og stas.
Laurdag arrangerte elevrådet juleball for elevar og tilsette ved Møre Folkehøgskule. Matsalen var flott dekorert med julepynt, og det vart servert god julemat og dessert. Christian og Kari heldt ein flott tale for elevane, mens Lars i elevrådet styrte programmet utover kvelden. Etter middagen var det underhaldning og dans i gymsalen. Det var opptrinn klassevis med litt oppsummering av halvåret som er gått, og lærarane avslutta underhaldninga med dramatisering av «julekveld i stua».
![]() |
![]() |
Audun og Clara | Åsa og Steffen |
![]() |
![]() |
Aurora og Torje | Magnus og Kristine |
![]() |
Christian og Silje opptrer med flott musikk |
![]() |
Nghi, Hannah, Kari og Terese |
![]() |
Elevbandet «Gnukk» |
![]() |
Polynese i ein flott dekorert gymsal |