Midt i den travlaste innspurten før jula ringast inn, har roen senka seg over skulen i Ørsta. Alle elevar har reist heim, og vi kan oppsummere ein hektisk periode frå august til desember. Hausten 2019 har opna for mykje flotte aktivitetar og turar for friluftlivsklassene.

Aktiviteten i Kina-klassa og produksjonen i Animasjonsklassa har skapt inspirasjon og forventningar til det som skal skje utover nyåret. Vi har hatt eit flott avslutning på semesteret med juleball, julemat, program og dans, og vi ser at felles innsats og felles arbeid gjennom haustsemesteret har gitt resultat.

Det gir meining å utfordre seg sjølv, meistre nye situasjonar, jobbe tett saman med andre og sjå at ein samarbeid nyttar. Dette er viktig kunnskap uansett kva ein skal gjere vidare i livet.

Alle tilsette ved Møre folkehøgskule vil med dette takke for samværet og fellesskapet vi har hatt rundt alle aktivitetar på skulen i haust. Vi ynskjer også god tur til dei som skal reise til Thailand og Peru! Med dette ynskjer vi alle ei god jul, og velkomen tilbake i januar 2020!