Møre Folkehøgskule har eit stort spekter av valfag og kampsport er alltid populært! Alle kan prøve seg på kampsport uavhengig av fysisk form og tidlegare erfaringar.

Kampsport er svært god trening for både koordinasjon, smidigheit, kondisjon, styrke og konsentrasjon. Dessutan er det kjekt. Christian Howlid er skulen sin kampsportlærar. Han underviser i fleire typar kampsport og er spesialist i Kick-boksing.

Kampsport er i første rekke eit valfag, men nokre av linjene har det i tillegg på timeplanen.  Vi har òg dei siste åra hatt haust-besøk av Kungfu-mester An, som til dagleg har sitt virke som kampsportlærar ved ei universitet i Beijing. Alle elevane får glede av hans kunnskapar, men dette er særleg eit tilbod for Kinaklassa.

Sjå ein oversikt over nokre av skulen sine valfag her.