Etter fleire månader med førebuingar; ny kunnskap om land og kultur, tai chi, språk, trening og mental førebuing er elevane i kina-klassa omsider klare for seks veker på reise!

Reiseruta er klar og gjennomarbeidd. Elevane er godt budde; dei har lært mykje om Kina og alle stadane dei skal innom i løpet av turen. Dei får oppleve og sjå Kina frå svært mange sider, store moderne byar og primitiv landsbygd, moderne kultur og gamle tradisjonar, ulike folkegrupper og urbaniserte verdsborgarar, og ikkje minst mykje storslått natur. Her kan du følge med reiseruta til kina-klassa. Med jamne mellomrom vil klassa legge ut nyheiter på skulen sine internett sider. Følg med! Du kan og legge inn e-post adressa di så får du melding om nyheiter frå skulen kvar veke.

Kina-klassa skal sjølvsagt vitje Peking-operaen under opphaldet i Beijing. I formingsavdelinga har elevane laga masker med maling/sminke inspirert av det som blir nytta i operaen. Ulik sminke og mønster symboliserer ulike personar og eigenskapar.

Før reisa har dei og vore i fysisk trening for å vere klar for turar, m.a. til Dei Gule Fjella. Siste veka har klassa vore på tur i nærområdet ved skulen, og opplevd Sunnmørsfjella frå si flottaste side.