Mari som er elev i år, og Michael som er assistent, står fram som flotte ambassadørar for Møre folkehøgskule og klassa Kina – Midtens rike. Dei teiknar eit bilete av linja som er både spennande og interessant, og ein unik sjanse for ungdommar til å blir godt kjende med det mangfaldige Kina.

Foreningen Norge-Kina har i siste nummer av medlemsbladet «Kina og vi»,  ein fyldig artikkel om Møre Folkehøgskule si Kina-linje. Artikkelen presenterer kinalinja på flott måte; undervisninga på skulen i haustsemesteret med grundig innføring i kinesisk kultur, mat, språk, politikk og natur.
 
Besøk av kampsportmeister An, utflukter på Sunnmøre m.m. Reisa til Kina i februar / mars, som vare i seks veker, er unik i folkehøgskule-landskapet, og skulen sine to kinesiske lærarar leier klassa på ein eventyrleg studietur rundt om i Kina. Også skulen sine hjelpeprosjekt til fleire barneskular i Kina får ein fin presentasjon.