Mens mange av dei andre elevane var på tur i Tafjord fjella eller i Sunnmørsalpane, var Kina klassen på skulen og førebudde årets første elevkveld.
Etter fleire dagars arbeid skapte Kinaklassen ein Peking-opera i norsk versjon og gjennomførte eit flott program for heile skulen. Kinaelevane har lagt lista høgt for klassane som kjem etter.
Før programmet laga klassen fantastisk kinesisk mat med vårruller som forrett og kyllingwok med grønsaker som hovedrett.
|
Stor konsentrasjon for å spele kinesiske instrument fra Peking opera: Jinghu og Pipa |
|
Elevane hadde lånt og laga flotte kostymer |
|
Tre små kinesarar – sunge med stor innleving |
![]() |
Stolleiken i musikksalen skapte stort engasjement blant elevane |
![]() |
Stor konsentrasjon måtte til for å flytte mandlar frå ein kopp til ein annan |
![]() |
Lyrisk dans – avslørte store dansetalent i kinaklassen |