Forrige veke fekk alle elevane velge seg ny linje for ei veke. Denne veka kallar vi her på skulen for «Blandaball». Meininga er at elevane skal få høve til å sjå og prøve kva dei andre elevane gjer på si linje. Samtidig kan det og vere eit hyggeleg avbrekk i haustmørket.

 DSCN4032_580 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


For denne  veka oppretta vi ei midlertidig formingslinje. Lærar Signe ville la elevane prøve å nytte utrangerte pc'ar til å lage kunstnarlege uttrykk. Øystein frå Adventure-linja er godt igang.


DSCN4023_580


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


Jonas frå Animasjons-linja og lærar Birte frå Internasjonal linje hadde det kjekt under utforminga av kunstverka sine.







DSCN4038_290 DSCN4039_290


Tonje frå Kina-linja og Elisabeth frå Internasjonal linje lagar smykke.







DSCN4037_290


Sindre frå TV/Film-linja og Rune frå Kina-linja er ikke lite stolte over sine produkt.


Bilde 022_580
 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


På Kina-linja kunne ein lære seg å male masker frå Peking-opera tradisjonen. Her legg Leo frå Animasjon maske på Ane som var hjelpelærar på si eiga linje.


Bilde 016_580


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


Ganske så flotte, Magnus frå Kina-linja og Marthe Mia frå Animasjon.


DSCN4069_580


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


Jon Martin og Ane var hjelpelærarar på eiga Kina-linje. «Kjekt å få prøve seg som lærarar».







Bilde 013_290


Silje frå Adventure prøvde seg på Animasjons-linja. Der kunne ein jobbe med ulike teknikkar som tradisjonell teiknefilm, cut-out og 3D i plastilina. Elevane skulle og lage ein egen vignett til Blandaball si intern-TV sending.


DSCN4053_580


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


Tom frå Animasjon og Anne-Katrine frå Adventure prøvde seg som nyheitsopplesarar på TV/Film-linja. «Kjekt å få vere på TV og å drive med noko anna enn det ein held på med til vanleg. No får vi og eit innblikk i kor mykje arbeid som skal til for å lage ei nyheitssending og fjernsynsreportasjar».








Ellen Cathrine frå Kina-linja og Janne frå Adventure lagde rekvisittar til ein film om rånarar.


DSCN4058_580


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


 


Marie og Tina frå Adventure var programleiarar på Blandaball si eigne intern-TV sending. Dei hadde skrive alle sine replikkar på rim og sa dette om å få lov til å byte linje for ei veke:»Blandaball er super gøy. Det føles som å ta på seg helt nytt tøy! Deilig med forandring av og til, på TV-sending ble vi nesten gal og vill! Vi har kost oss utrolig mye, med fine folk – vi er nesten som nye. Så hopp & sprett til Blandaball. Oh, hvor kjekt – tralelalletrall».