Komande søndag er det klart for årets TV-aksjon. Møre Folkehøgskule har gjort
det til eit fast innslag i skuleåret å vere med som bøsseberarar.

Dette har vore til uvurderleg hjelp for aksjonen og resultatet i Ørsta. I år fekk skulen besøk av NRK og Kjell «Kjellen» Bigset, som skal bidra med drahjelp i Ørsta. Sjå innslaget på NRK- TV søndag mellom kl. 16 – 18!