For mange er korsong ei ny erfaring. Med dyktig instruksjon og god inspirasjon blir både det personlege og musikalske utbyttet godt. Når ein i tillegg samarbeider med dyktige og berømte musikarar blir det heile ei oppleving for livet!

Å kalle det korveke er kanskje å overdrive, då det heile blir avviklar på tre dagar. Tysdag, onsdag og torsdag er alle elevane samla for å øve på korsongar, songteknikk og samklang. Under god leiing av Per Oddvar Hildre, alias Prots, blir det intense timar med mykje konsentrasjon og mange utfordrande musikalske krumspring. Elevane har arbeidd svært godt og det blir kraftig trykk i eit kor på meir enn 90 personar. Reportoiret er variert, men høgdepunktet er kanskje dei songane som blir framført saman med Altiplano. Dette er eit berømt ensemble frå Sør-Amerika som har vore på mange Norgesbesøk. Dei kom til skulen mandag kveld og har øvd saman med skulekoret fram mot konserten på torsdag. Dei skal også halde ein minikonsert for elevane på onsdag kveld. Torsdag blir det konsert i gymsalen som er opne for alle som er interessert.

 

Altiplano og Prots
Altiplano med Prots i midten.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ingimar får prøve seg som solist.
lita forelesing om latinamerikanske instrument
Bandet gav oss ei lita forelesing om panfløyter.
Prots instruerer
Prost instruerer.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Skulekoret.

 

smakebitar frå reportoiret til Altiplano
Smakebitar frå reportoirer til Altiplano.