Kristine Velle Rishaug er tilsett som internat- og kontorleiar hos Møre folkehøgskule frå 01.08.2022. Kristine er 42 år gamal, busett i Ørsta og kjem frå jobben som jobbkonsulent i Furene AS. Der har ho arbeidd dei siste 5 åra mellom anna med å bistå menneske med å finne motivasjon, meistring og vilje til endring og avklaring i høve ulike problemstillingar.

Før dette var ho i Stamina Helse AS som HMS-rådgjevar/ergoterapeut i 8 år. Ho er utdanna med bachelor i ergoterapi og er i gang med ei mastergrad i organisasjon og leiing ved NTNU og har der nettopp avslutta eit delkurs i berekraftig omstilling. I tillegg har Kristine fleire kurs innanfor HMS, motivasjon og rettleiing for menneske i krevjande livssituasjonar.

Vi gler oss til å få Kristine med på laget og med det sikre at vi kan halde fokus på både internat- og kontorbiten hos Møre folkehøgskule framover!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.