Møre Folkehøgskule skal tilsette ny adventuralærar i 80% stilling frå 01. august. Adventura-linjene er linjer med mykje aktivitet: turar i fjella, utanladsturar, gode opplevingar og ny kunnskap i kombinasjon med spennande kulturmøter.

Søknadsfrist 25.05. 2011.

Møre Folkehøgskule er ein frilyndt folkehøgskule som ligg i Ørsta
sentrum på Sunnmøre. Skulen har 92 elevplassar og ca. 22 tilsette.
Møre Folkehøgskule har desse linjene: Kina – Midtens Rike, Animasjon,
Adventura Afrika, Adventura Egypt og Adventura Vatn.

Ledige fast stilling i ca 80 % som lærar på

ADVENTURA – linjene
– linjer med aktivitet, oppleving og kulturmøter

Stillinga er ledig frå 1. august 2011.

Stillinga kan kombinerast med undervisning i andre folkehøgskulefag.

For stillingane gjeld: Lov og føresegner for Folkehøgskulen.
Lønn følgjer staten sine regulativ.

For meir opplysning: Ring rektor Odd A. Steinvåg

tlf.: 70 04 19 99 – 909 29 515

Søknadsfrist: 25. mai 2011

Søknad sendast til: Møre Folkehøgskule, Boks 14, 6151 Ørsta