Ledig stilling inntil 100 %, heiltid, fast. Undervisningsleiaren vil inngå i skulen si leiargruppe og ha medansvar for den daglege skuledrifta og oppgåver knytt til planlegging- og utviklingsarbeid. Vi ønsker at den som vert tilsett har relevant utdanning, leiarkompetanse, god IT-kunnskap og erfaring frå pedagogisk arbeid. Frist: 30. november 2015.

stillingsannonse_more_fhs_undervisningsleiar_2015_917px

Full utlysingstekst:

Arbeidsoppgåver:
Undervisningsleiaren vil inngå i skulen si leiargruppe og ha medansvar for den daglege skuledrifta og oppgåver knytt til planlegging- og utviklingsarbeid. Undervisningsleiaren har eit sjølvstendig ansvar for strategiske initiativ og aktiv leiing som bidreg til å vidareutvikle skulen i tråd med styret for skulen sine intensjonar og har ansvar for å utvikle pedagogisk og didaktisk arbeid i tråd med folkehøgskulen sitt verdisyn og formålsparagraf. Om lag 50 % av stillinga er knytt til undervisning og sosialpedagogiske oppgåver.

I samarbeid med rektor og driftsleiar avklare rammer og innhald i det pedagogiske årsverket og utarbeider arbeidsavtaler for lærarane. I samarbeid med rektor og rekneskapsansvarleg ha ansvar for utarbeiding og oppfølging av budsjett som vedkjem undervisninga.

Ha dagleg kontakt og oppfølging av det pedagogiske personalet. Planlegge, organisere og følgje opp undervisning og ulike elevaktivitetar. Leie pedagogisk utviklingsarbeid og utvikle skulen sitt  linjetilbod og delta i planlegging og oppfølging av skolen sine turar i samarbeid med lærarane.

Ansvar for å planlegge og organisere planleggingsdagar. Utføre medarbeidarsamtalar/ fagsamtalar med pedagogisk personale i tett samarbeid med rektor. Utføre internt og eksternt informasjonsarbeid. Arbeidsoppgåvene kan verte justert eller endra.

Kvalifikasjonar:
Vi ønsker at den som vert tilsett har relevant utdanning, leiarkompetanse, god IT-kunnskap og erfaring frå pedagogisk arbeid.

Det er ønskeleg at søkjar har: Utdanning innan leiing og pedagogikk på høgskulenivå og har relevant leiarerfaring.

Personlege eigenskaper:

  • Evne til å engasjere, motivere og begeistre
  • Evne til å jobbe strukturert, systematisk og målretta
  • Evne til å tenke utvikling, kvalitet og nyskaping
  • Evne til å bygge og ivareta relasjonar gjennom open og tydeleg kommunikasjon.

Lønns- og arbeidsvilkår:

  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode muligheiter for kompetanseutvikling
  • Elevar som er motiverte for læring og er positivt innstilt til skulen

Stillingsstorleik inntil 100 %, avhengig av undervisningskompetanseområde. Om lag 50 % undervisning og sosialpedagogisk arbeid. Stillinga er regulert av lov og forskrifter om folkehøgskolen.

Stillinga er direkte lønnsplassert. Skulen har tariffavtale gjennom Hovedorganisasjonen Virke og med Folkehøgskoleforbundet/ Utdanningsforbundet. Elles gjeld vilkår som kjem fram av gjeldande lov- og avtaleverk. Stillinga har 6 månaders prøvetid.

Søknadsfrist: 30. november 2015

Send søknad med CV til Møre Folkehøgskule, postboks 14, 6151 Ørsta. E-post: may.kristin.bolli@more.fhs.no.

Stadfesting på at søknaden er motteken sender vi ut per e-post. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Ved spørsmål om stillinga kontakt rektor May Kristin Bolli på telefon 993 20 665.