adventura_isbre_01_180pxDå to av våre dyktige adventura-lærarar skal ha permisjon i det komande skuleåret er det ledig ca 180% stilling frå 01.08.2012 til 31.07.2013. Adventura-linjene er linjer med aktivitet, oppleving og eventyr.

Du finn meir opplysningar om linjene og Møre Folkehøgskule på www.more.fhs.no. I tillegg til undervisning i linjefaga vert det og undervisning i andre folkehøgskulefag. Søknadsfrist: 15. juni 2012.

Tilsettingsforma for stillingane er vikariat med muligheit for fast stilling. Stillingane er tillagt sosialpedagogisk arbeid. For stillingane gjeld Lov og føresegner for Folkehøgskulen. Lønn følgjer staten sine regulativ.

For fleire opplysningar: ring rektor Odd A. Steinvåg på tlf.: 90 92 95 15 eller send
e-post til rektor@more.fhs.no. Søknadsfrist: 15. juni 2012.

Søknad med CV sendast til: Møre Folkehøgskule, Postboks 14, 6151 Ørsta eller
på e-post til kontor@more.fhs.no.