Fredag og laurdag 9. og 10 november er det på nytt klart for marknad ved Møre Folkehøgskule.

Årets marknad blir arrangert i tradisjonelle former. For skulen er dette ei stort og kjekt arrangement, der både lærarar og elevar tek del. Dugnadsånda råder når gymsal og klassrom blir gjort om til utstillingslokale og messeområde. Elevane brukar tid både på fredag og laurdag til førebuing og deltaking på marknaden.

Det er som vanleg stor variasjon i produkta; tekstilarbeid, trearbeid, lys, maleri, smykke, blomstrar, glas og keramikk. I tillegg kan ein smake og kjøpe godsaker til jul; spekemat, sild, flatbrød og julekaker.

I matsalen blir det kafe, der ein kan kjøpe kaffi og kaker. På laurdag kan ein også kjøpe rømmegraut.

Velkomen til triveleg samvær og julehandel på Møre Folkehøgskule!

Elevar i full gang med å rulle vinnarlodd.
Trearbeid
Trufaste selgarar med kvalitetsknivar.
Engletid
Juleenglar.
Tiina organiserer tombola.
Tiina i full gang med å førebu tombola.