Årest marknad er i gang. Kunstnarar og handverkarar er i ferd med å innta skulen med sine produkt, men god hjelp av elevar og tilsette. Marknaden er i stor grad eit dugnadsprosjekt som er heilt avhengig av personalet og elevane sin innsats.

Marknaden ved Møre Folkehøgskule er eit arrangement med lange tradisjonar. Marknaden tar til fredag kveld og blir avslutta med trekning av messelotteri laurdag ettermiddag. I år har ca. 30 utstillarar fått plass i gymsalen, på klasserom og andre lett tilgjengelege stader på huset. Det blir lagt vekt på at handverkarar og kunstnarar skal få høve til å stille ut sine produkt som dei har laga sjølv. Marknaden er ei salsmesse, og truleg den største av denne typen i Ørsta / Volda. I tillegg til sal av ulike handeverksprodukt, blir det arranger lotteri i skulen sin reig.  

I matsalen er det sal av middag og kaffi og kaker. Alle elevane er engasjerte med ulike oppgåver før, under og etter marknaden. Kina-klassa har eit eige prosjekt, eit eige lotteri, der inntektene går til Håp-skulen. Dette er ein skule for fattige born i Kina som Møre Folkehøgskule og Kina-klassa arbeider for å hjelpe med midlar og utstyr. Signe er hovudkoordinator og pådrivar for arrangementet, –  ho gjer ein stor og uvurderleg innsats for å få dette i hamn.

Utvalde marknadsvarer:

 
Tiina orgniserer tombola.
Tiina organiserer tombola.

 

 

 

 

 

 

 

Signe, Guttorm og Petra frå elevlaget.
ynt frå Kina.
Lotteri til inntekt for Håp-skulen.
Loddrulling er ein omfattande aktivitet på skulen.