– Vi kunne nær ha dobla elevtalet dersom alle som søkte seg til skulen kom inn, seier rektor May Kristin Bolli. Laurdag 22. august 2015 opna Møre Folkehøgskule i Ørsta eit nytt skuleår, og det var mange unge som hadde møtt på opningsfesten.

Heile 97 elevar går på skulen, det betyr at skulen er sprengfull. Slik er det over heile landet. Folkehøgskulane er i vinden som aldri før.

– Å gå på folkehøgskule handlar ikkje om eit friår på staten si rekning, men eit viktig år som gjev både læringsglede, auka samarbeidskompetanse og fagleg utvikling. Det er ein gledeleg trend, ikkje minst sender dette eit tydeleg signal til resten av skule-Noreg, seier rektor Bolli.

Når karakterpresset aukar på alle andre arenaer, meiner reaktoren det er viktig med ei motvekt.

– Utan verken karakterar eller eksamen evner folkehøgskulane å gje elevane lyst og motivasjonen til å lære, reflekterer Bolli.

Bilde: Frå venstre Håkon Riksvaag, Henriette Næss Ebbesen, rektor May Kristin Bolli, Leif Haaland og Sunniva Torpe. Dei fire unge var alle elevar på skulen i fjor. Dei likte seg så godt der at dei i år har fått tittelen assistentar (foto Møre-Nytt).

Klikk her for å lese heile reportasjen i avisa Møre-Nytt.