Møre Folkehøgskule i "fyr og flamme"
Av: Webmaster [sist endra: 29.01.2007 kl. 22.08]
Store snømengder og brøytekantar har gjort Folkehøgskulen om til ein leikeplass for ski- og snowboard interesserte.
Ein ivrig gjeng stilte opp til dugnad etter middag med spade, godt humør, ski- og snowboardutstyr. Vi spadde hopp, satte opp lyskastarar og brukte kvelden til leik på uteområde til Folkehøgskulen. Prikken over i´en var når nokon fekk ideen om å setje fyr på hoppkanten. I ekte «Evil Knievel» stil satte vi utfor ein etter ein, og hoppa gjennom flammane.
Frå toppen av brøytekanten og overrennet, med fleire avsatsar |
|
 |
Aurora legg til ein «grab» i eit luftig svev over skuleplassen |