Svært mange av elevane ved Møre Folkehøgskule har i dag stillt opp og gått med innsamlingsbøsser for TV-aksjonen og Amnesty sitt arbeid.

Ørsta kommune v. ordførar Rune Hovde er svært glade for at elevane ved Møre Folkehøgskule stiller opp for TV-aksjonen. «Utan denne hjelpa ville vi hatt store utfordringar med å dekke alle rodene i bygda.» seier Hovde. Elevane har fått grundig informasjon om aksjonen og kva pengane går til på førehand. Dei går to og to og blir fordelte til roder rundt om i bygda. Alle gir tilbakemeldingar om at dei blir møtt med velvilje dei alle fleste stadar. Nokre tar og i eit ekstra tak og går ei ekstra der ein elles ikkje hadde folk.

TV-aksjonen
Audun Storsanden, Karl-Inge Olufsen og Mauritz Solberg saman med ordførar Rune Hovde.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Også på framsida av lokalavisa «Mørenytt» blir innsatsen til årets kull profilert: Mørenytt