Den 25. januar reiste 14 spelerar, 2 fans og ein Jarle til Førde for å forsvare Møre Folkehøgskule si ære under NM i volleyball for vidaregåande skular i Førde.

.

Den 25. januar reiste 14 spelerar, 2 fans og ein Jarle til Førde for å forsvare Møre Folkehøgskule si ære under NM i volleyball for vidaregåande skular i Førde. Me vart innlosjert på Hafstad VGS klokka 17.30, før første kampen gjekk klokka 20 same kveld.

På andre banehalvdel stod mix-laget til Sunnfjord FHS. Sunnfjord var på heimebane, og med tanke på at dei er volleyball-folkehøgskulen, tvilte me ein smule på siger, men med den flotte heiagjengen våres og fantastisk spel frå dei på banen, endte første sett med eit knepent 25-23-tap, etterfulgt av settsifra 25-11. 2-0-tap med andre ord. Det var ikkje den beste starten, men me fokuserte på 1. settet, og prøvde å ta med oss det gode spelet inn kampane på laurdagen.
Då skulle me spele mot Norheimsund VGS, Berg og Øystese Gymnas. Nordheimsund- og Berg-kampen hadde same utvikling. Me tok ein tidleg leiing på eit par poeng, dei tok oss igjen etter omtrent 20 spelte poeng, og så fekk dei 7-8 poeng på rappen. Den avstanden holdt seg ut kampen. Det vart 2-0-tap mot begge laga. 25-17, 25-18 mot Nordheimsund. 25-19, 25-18 mot Berg. Det er vert å nemne at Berg spelte seg fram til finalen, så det var absolutt ikkje eit dårleg lag me tapte for. Siste kampen på laurdagen var mot Øystese Gymnas.
 
Tore smash
Etter tre tap på rad var me langt nede. Både fysisk og psykisk. Ute var det mørkt og det regna. Inne i hallen prøvde Jarle å få tenningen og fighterspiriten tilbake. Han var fast bestemt på at denne kampen skulle me vinne. ”Jaja. Jarle seier mykje rart”, tenkte me, men då han bestemte seg for å toppe laget, skjønte me at han meinte alvor. Laga stiller seg opp. Øystese begynner med ballen. Ein enkel serve. Celine får han fram til Marthe. Marthe legg flott opp til Tore som knuser ballen ned på Øystese sin banehalvdel. Nydelig. 1-0 til Møre-mix. Slik forsatte det. Poenga flomma inn. Ingen trudde det dei såg. Øystese tar time-out på stillinga 11-3. Vill jubel blant folket på Møre-benken. Jarle seier at me må halde hovudet kaldt og ikkje tru at dette vil bli ein lett siger. ”Jaja. Jarle seier mykje rart”, tenkte me. Det skulle me ikkje ha gjort.
TapstalaØystese tok oss igjen. 16-16. Frustrasjonen brer seg i Møre-laget. Det ser ikkje bra ut. Øystese gjekk opp i leiinga, og vant settet 25-21. Korleis var det mogleg å tape eit slikt sett? Me var forbanna og lei oss. Jarle roa oss ned, og sa enkelt og greit at dette er eit lag me kan slå. Med dei orda i bakhovudet tok med 2. sett med storm og knuste dei 25-16. Det føltes ut som om me hadde vunne finalen. Me var i skyene. Diverre klarte me ikkje å kome oss ned på parketten til 3. sett, og tapte det 15-9. Settsigeren var forgjeves. Folk var triste og lei seg, men me bestemte oss for å sjå framover og legge laurdagens kamper bak oss. Me hadde jo strengt talt ein kamp igjen på søndagen. På laurdagskvelden gjekk me ut på Peppe’s Pizza og koste oss. Då me skulle gå tilbake til skulen begynte det å snø. Milliarder av store, kvite flak omringa oss på vegen. Førde har aldri vore så vakker som akkurat då. Og best av alt; me fekk håpet tilbake. Trua på å gjere det umoglege. Vinne meir enn berre eit sett. Å vinne ein kamp
Ut i snøen

 Marthe viser musklar

Då elevane vakna opp til ein nydeleg god morgen-sang og gitarspel av underteikna, hadde alle hatt same draumen. Me kom oss raskt opp til hallen og begynte med oppvarminga. Volda-gutane til Jarle skulle spele semifinale samtidig som våres kamp gjekk, og me hadde avtalt at dei kunne få låne Jarle. Dei spelte ein litt viktigare kamp enn oss. Me var altså aleine. Aleine med ein draum, eit håp, ein misjon. Laget me skulle spele mot var Adolf Øyen-mix – eit bylag frå Trondheim. Me begynte med serven. 1-0 til Møre-mix. Dei desperate og håpefulle heia-ropa frå Møre-benken fekk ei av jentene på Adolf Øyen-mix til å breste ut i gråt. Det vart for mykje for dei. Me knuste inn poeng etter poeng. Benken var i ekstase. Det føltes som me var 16 mann på banen.

Adolf Øyen hadde aldri ein sjanse, og me vann settet 25-17. 2. settet begynte der det 1. slutta. Me klarte å halde fokus, og det var nøkkelen. Mottak, opplegg, smash, poeng. Det gjekk på

Adolf Øyen hadde aldri ein sjanse, og me vann settet 25-17. 2. settet begynte der det 1. slutta. Me klarte å halde fokus, og det var nøkkelen. Mottak, opplegg, smash, poeng. Det gjekk på skinner. Ingenting kunne stoppe oss. 24-15. Adolf Øyen-serve. Ballen gjekk i nettet og jubelskrika løfta taket i hallen fleire hakk. Me hadde klart det som verka umogleg.

skinner. Ingenting kunne stoppe oss. 24-15. Adolf Øyen-serve. Ballen gjekk i nettet og jubelskrika løfta taket i hallen fleire hakk. Me hadde klart det som verka umogleg.