27 «nye» adventura-elevar drog til Standalhytta for å oppleve noke av det som skjer på Adventuralinja.

I veke 5 hadde vi blandaballveke på skulen. Det betyr å velge ny linje for ei veke. 27 elevar hadde lyst å prøve korleis det er å være på Adventuralinja. I eit ikkje så alt for godt vær tirsdags morgon traska vi i veg dei ca. 4 km frå Kolåsen til Standalhytta. Vel framme hadde vi oss ein god matpause, før det bar ut i snøen. Der vart det først litt leik, før vi starta bygging av skileikanlegg. Elevane var aktive i dei ulike løypene, og nokre fekk testa ut grensene.. Godt våte og tildels kalde var det godt å komme inn i hytta. Her vart det middag, peiskos med gitarspeling og sang, kort- og yatsyspeling, svelesteiking og berre kos.. Nokre hadde det og morro med ulike former for «gøyme og leite» rundt om i hytta. Onsdag var det vasking og rydding av hytta før vi drog heimatt. På tross av regn og vind kosa dei fleste seg, og alle hadde fått ein liten smakebit av å være Adventura-elevar.

                                             Nokre bilete frå turen

Dag gjer seg klar til å hoppe frå taket på Standalhytta                   ……..i lufta……..
      Nils Mathis slappa av i snøen              Aurora i luftig svev
blandaball5

           Kos foran peisen

                     Kortspel
blandaball7 blandaball8
Ikkje alt var kos… Her er det Johan som tek oppvasken       Peter og Åsa ser ut til å trivast