Vi er veldig glade for at fire av årets elevar skal vere assistentar komande skuleår! Dei kjenner skulen, personalet, reisene og lokalområdet godt og vil vere gode guidar for nye elevar.

Når skuleåret startar er assistentane dei første som møter dei nye elevane. Assistentane er knytt særskild til kvar si klasse og skal samarbeide tett med klassastyrar, men dei har og mange andre oppgåver i miljøet på skulen; først å fremt å bidra til at alle har det bra. Louse, Nora, Andrej og Per Martin er dyktige, kjekke og blide ungdommar, som vi ser fram til å samarbeide med komande skuleår!

Lousie
Nora
Andrej
Per Martin