Møre Folkehøgskule startar to nye linjer for skuleåret 2004/2005.  Linjene er Adventura og Afrika – dans og kultur.  Under finn du informasjon med lenke vidare til side for linjene.

På ADVENTURA – AKTIVITET OG OPPLEVING tilbyr vi ”ein smak av honning”. Naturen i Sunnmørsalpane kan bringe deg til himmels anten du bruker skifellar, pedalar eller klatretau. Men det finst ei tid på året når sjølv vintersola slit med å klatre seg over toppane. Då er vi i flyet på veg mot Egypt. Fem til seks veker i Sinai-området vil ikkje berre gi varme i kroppen, men gjere deg kjend med ørkenliv, oasar, beduinane og kanskje ein napoleonsfisk eller havskilpadde. Det blir også høve til å nå toppen av Mosesfjellet.

På AFRIKA DANS OG KULTUR vert vi godt budd for ein reise til smila, mylderet og rørslene i Vest-Afrika. Hovudlæraren vår, Birte Owusu-Addo, har universitetsutdanning i afrikansk dans og kultur frå Ghana. Ho vil gjere deg kjend med den vest-afrikanske musikken, den leikne dansen og med musklar du ikkje ante at du hadde. Eit basiskurs i twi-språket får du på kjøpet.

Men vi gjer oss også kjende med religionane, geografien, kolonitida og slavehandelen. Fem veker på studie- og dansetur til Ghana vert sjølvsagt eit naturlig høgdepunkt. Men det er heller ikkje til å unngå at vi tek med litt av vårt Afrika heim. Det kjem dei andre på skulen til å merke.